Det gjeld særskilt i kommunar der mange personar med utviklingshemming vart buande etter at dei store institusjonane vart nedlagde ved HVPU-reforma.
Boka byggjer på ein undersøking i Ørskog, der både hjelpetilbodet i heimen og tilbodet på dagtid og i fritida står sentralt. Føremålet med undersøkinga var å gi betre kunnskap og erfaringsgrunnlag når tilbodet skal tilpasssast dei endringane i behov som følgjer med høg alder. Boka drøfter ulike modeller og løysingar for kva slag bustad og former for samlokalisering som er aktuelle i den nye situasjonen.
Antall sider: 79
Utgivelsesår: 2005
ISBN: 978-82-8061-053-9