Polioen følgde med på livsvegen, han merkte vonene, draumane, planane, innsatsen og livsbanen. I strevet for å finna gode løysingar har Bjørg Holm møtt arroganse, kulde og kunnskapsløyse, men også opne, varme og dugande fagfolk som gav henne ein betre livskvalitet.
Boka fortel om en person som med sterk vilje og hardt arbeid har forma livet sitt, forsert barrierar og organisert verksemd for å spreia kunnskap om polio og seinskadar etter sjukdomen. Bjørg Holm har mellom anna vore med og skipa Troms lag for polioskadde, det fyrste diagnoselaget i landet for polioskadde, der ho var den fyrste leiaren. Ho sat og i hovudstyret i Landsforeningen for polioskadde (LFPS) som vart skipa i Bergen i 1991. Kunnskapsløysa var stor etter at polioen var "overvunnen" og vart "den gløymde sjukdomen". Bjørg Holm har vore sentral i arbeidet for å gje fagfolk og dei som vart råka av polio meir kunnskap om sjukdomen og følgjene for dei som fekk han.
Boka vil gje levande innsikt, vidsyn og kunnskap til alle helsearbeidarar som møter varige sjukdomar og funksjonshemmingar, til studentar, til andre andre med polio og til familie og vener og kollegaer som kan få vita meir om sider ved og kjensler knytte til eit liv med polio.
Antall sider: 112
Utgivelsesår: 2006
ISBN: 878-82-8061-062-1